Hotell

  • 36826201
  • 36826193

Hotell Bondeheimen

SENTRALT HOTELL I OSLO
Hotellet i Oslo ligg i det mest sentrale sentrumsområdet med butikkar, restaurantar, teater, Karl Johans gate og Slottet rett rundt hjørnet.
Du finn også mange andre attraksjonar i gangavstand, som Aker Brygge, Stortinget, Oslo City og Oslo Spektrum.
Du kjem deg enkelt til og frå Oslo Airport Gardermoen med flybussen som stoppar rett i nærheita av hotellet eller med flytoget frå Nationaltheatret stasjon, som ligg ca 5 min unna. Alle typar kollektivtrafikk Oslo tilbyr finnast innanfor gangavstand frå hotellet.

KAFFISTOVA RESTAURANT
I Kaffistova serverer vi tradisjonell, norsk frukost til hotellgjestane våre kvar morgon! Eit godt utval av brød og pålegg er basisen for ein norsk frukost, i tillegg til varmretter som egg og bacon.

EIT HOTELL I OSLO MED GOD STANDARD
Hotell Bondeheimen har 145 velutstyrte hotellrom. Dei fleste er nyoppussa med nye møbel og flott design. I tillegg til standard hotellrom, tilbyr vi familierom og deluxe rom for deg som ønskjer det vesle ekstra når du besøkjer Oslo.
WiFi er gratis på alle rommene.

FORRETNINGSREISE
Du som er på forretningsreise kan bestille hotellrom både til overnatting og møteaktivitet. Fleire av romma har store vindauge og flott utsikt, og er godt eigna for mindre møte. Forretningsreisande bur både godt og praktisk på Hotell Bondeheimen.

MØTE I OSLO PŅ HOTELL BONDEHEIMEN
Skal du halde eit møte i Oslo, har Hotell Bondeheimen eit møtelokale med ein kapasitet på opptil 12 personar.