Hotell Bondeheimen

Hotel Oslo

Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei no ligg i Rosenkrantzgate 8, blei grunnlagt i 1913. Heile tida har dei vore tilhaldsstad for folk frå distrikta på Oslobesøk, men også for kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, samt for avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra omkring. Heilt frå starten av har hotellets norske eigenart gjort det naturleg for turistar frå heile verda å bu her når dei er i Oslo.

Hotellet ligg om lag 100 meter frå Stortinget og Karl Johans gate i det mest sentrale sentrumsområdet med butikkar, restaurantar, teater og andre attraksjonar som Slottet og Aker Brygge i gangavstand.

Hotell Oslo
Online reservasjon

Hotel Oslo

Å finne vegen til Hotell Bondeheimen

Frå Gardermoen og Oslo lufthamn til hotellet er det både enkelt og rimelig å ta Flybussen. Den stoppar i nærleiken av hotellet i begge retningar (å gå ca. 5 minutt). Bussen passerer kvart 20. minutt og ein må rekne om lag 45 minutt reisetid til flyplassen. Også Sentral-banestasjonen og Nationaltheatret stasjon, der flytoget har stopp, er innan gangavstand. Buss, T-bane og taxi haldeplass ligg i same gate som hotellet.
 
Frå E18 retning frå Drammen skal ein følgje E18 inn mot byen men køyr av før Oslotunnellen i retning Oslo Sentrum. Køyr vidare under Konserthuset i Munkedamsveien og hald fram til de kjem til Stortingsgata (Nationaltheatret) og ta til høgre der. Fortsett og kryss Universitetsgata, hald fram til neste kryss og ta til venstre i Rosentkrantzgate framfor Stortinget. Hald fram og kryss Karl Johan og ta til høgre i neste kryss i Kristian IV's gate. De er då framfor inngangen til Hotell Bondeheimen.
 
Frå E6 retning frå Gardermoen eller E18 retning frå Gøteborg skal ein følgje skilt mot Oslo sentrum (ikkje køyr ned i Oslotunnellen). Hald fram til de kjem til Stortingsgata. Ta til høgre i første kryss framfor Stortinget og hald fram i Rosenkrantzgata. Hald fram og kryss Karl Johan og ta til høgre i neste kryss i Kristian IV's gate. De er då framfor inngangen til Hotell Bondeheimen.

Garanti/ avbestilling /no shows:

Ikkje-garanterte bestillingar som er gjort direkte hos hotellet har ankomsttid før kl 18.00. Det vil seie at reservasjonen blir avbestilt automatisk dersom gjesten ikkje har kome innan kl 18.00 

Garanterte bestillingar har inga avgrensing på ankomsttidspunktet, og gjesten kan sjekke inn heile døgnet. Ein garantert reservasjon er som regel garantert med gjesten sine kredittkortdetaljar, eller ein kan kontakte hotellet på ankomstdagen innan kl 18.00 og gi beskjed om sein ankomst.

Er bestillinga garantert mot kredittkortdetaljar har hotellet ein avbestillingsfrist kl 18.00 på ankomstdagen. Om ei bestilling ikkje blir avbestilt innan kl 18.00 på ankomstdagen, og ikkje blir nytta (no-show), vil hotellet belaste kredittkortet med kostnaden for 1 natts opphald.

For bestillingar gjort gjennom reisebyrå eller tredjepart gjeld andre garanti- og avbestillingsreglar. Også for gruppe- og konferansebestillingar gjeld eigne avbestillingsreglar.


Kapasitet: 127 rom / 240 senger

Dei fleste av romma våre er dobbeltrom, alle med interiør og design utvikla i samsvar med norske tradisjonar og materialar. Romma tilbyr gjestene alle fasilitetar ein ventar finne i eit moderne byhotell.

Frå starten av har storleiken på romma hatt stor variasjon; og dei ulike romma kan huse frå 1 til 5 personar. Også forretningsfolk som etterspør møterom vil finne at fleira av hotellromma kan nyttast både for overnatting og møteaktivitet. Vindauga er store og frå fleire rom har ein flott utsyn mot nokre av Oslos mest representative og trivelege gater. For gjester som spesielt etterspør ro også på dagtid, vil vi tilby rom mot gardsrommet, som er svært roleg til å vere midt i sentrum.

Romma er utstyrt med:

  • Internett/brei-bandstilkopling for laptop
    (Meld frå ved booking/innsjekk om de vil ha rom med Internett)
  • TV & Betal-TV
  • Direkte telefon
  • Minibar
  • Skrivepult
  • Hårføner
  • Buksepresse

Hotel Oslo

Resepsjonen er open heile døgnet. Resepsjonistane våre har to gonger motteke Best Western sin kvalitetspris for utmerka service og kompetanse.
Eit lett kveldsmåltid, vanlegvis heimelaga suppe med brød og smør, blir sett fram for hotellets gjester kvar kveld på vekedagane.


Rabattar for alle gjester på Hotell Bondeheimen:

Alle buande gjester på hotell Bondeheimen får følgjande individuelle rabattar:
  • 20% rabatt på all mat og drikke i Kaffistova
  • 10% på hyllevarer i Heimen Husflid
  • 15% rabatt på parkering i Ibsen P-hus
Hotel Oslo Hotel Oslo

PRISAR MØTE/KONFERANSEROM - 2008

LOKALE MAX PERS PRIS 1/1 DAG PRIS 1/2 DAG
Tingstova 30 Kr 4130 Kr 2480
Storstova 12 Kr 2380 Kr 1640
Bestestova 7 Kr 1630 Kr 1160

Hotel Oslo


Kaffistova

Ein over 100 år gammal kafé

Opningstider:
 
Frukost:
6:30 - 9:30 kvardagar
7:00 – 10:30 helg
Lunsj / middag:
11:00 – 21:00 kvardagar
11:00 – 19:00 helg

Vårt lunsjbord byr på eit stort utval av smørbrød, kaker og salatar. Frukosten blir og servert i Kaffistova, og her finn du både varme og kalde freistingar.

I Kaffistova har vi servert tradisjonell norsk mat i meir enn 100 år. Då kafeen opna i 1901 var interiøret dekorert med handskorne møblar. Fleire av dei står i dag utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

I våre dagar er interiøret halde i lyse naturfargar med fleire bilete og gjenstandar som knyt band tilfortida. Kafeen har plass til 220 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.

   Hotel Oslo

Japanske, franske og amerikanske gjester er innom kvart år. Grunnen er nok at vår meny representerer eit stadig meir sjeldan høve til å smake tradisjonell norsk mat.

Velkommen til Kaffistova!

Hotel Oslo

Heimen Husflid

Heimen Husflid har butikk og produksjonslokale i same bygning som hotellet.

Nokre av landets mest kompetente og spesialiserte skreddarar produserar her bunadar frå fleire distrikt. Butikken har inngang frå resepsjonen og har meir enn 3.600 vakre gjenstandar å by på:

  • Kunst og handverk
  • Bunader
  • Drakter
  • Materialpakkar
  • Bunadtilfang
  • Bunadsølv
  • Bunadsko
  • Sjal
  • Silkesjerf
  • Smykke
  • Suvenirar
  • Sesongvarer
  • Lin
  • Pledd
  • Strikk
  • Smijarn
  • Tinn
  • Rosemåling
  • Trekvitt
  • Tøflar
   Hotel Oslo Hotel Oslo