Cookie-regler vilkår for cookies.
Book nå
+47 23214100
Book nå

Kultur & Historia - Våre Butikkar

bondernes-hus-1903-1

Hotell Bondeheimen, eit hotell i Oslo med historik sus!

Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husflid, eit dotterselskap av Bøndenes Hus.
Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei nå ligg i Rosenkrantz’ gate 8, blei grunnlagt i 1913. Alle desse åra har Hotell Bondeheimen vore overnattingsstad for folk frå distrikta. 
Også kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra i området har hatt Bondeheimen i Oslo som eit naturleg val.

VÅRE BUTIKKAR

KAFFISTOVA
Kaffistova er med sine 110 år ein av byens mest tradisjonsrike kafear og restaurantar. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i solide porsjonar fram til kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og sundag) og er dessutan frokostrestaurant for Hotell Bondeheimen. Kaffistova er eigd av Bøndenes Hus.

HEIMEN HUSFLID
Heimen Husflid er ei handverks- og handelsbedrift grunnlagt i 1912. Heimen har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum. Du får spesialsydd bunad av høgaste kvalitet ved kjøp av bunad hos Heimen. Heimen Husflid er eigd av Bøndenes Hus.

DEN NORSKE HUSFLIDEN
Den Norske Husfliden blei grunnlagt i 1892 og kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007. Butikken på Glassmagasinet har ein del av de same varene som Heimen, men butikken er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.

BONDEUNGDOMSLAGET (BUL)
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%
Lukk