English
Norsk

Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husflid i Oslo

Bøndernes hus 1903

Kulturhotellet Hotell Bondeheimen

Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husflid, eit dotterselskap av Bøndenes Hus.
Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei nå ligg i Rosenkrantz’ gate 8, blei grunnlagt i 1913. Alle desse åra har Hotell Bondeheimen vore overnattingsstad for folk frå distrikta. Også kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra i området har hatt Bondeheimen i Oslo som eit naturleg val.

Kaffistova

Kaffistova er med sine 110 år ein av byens mest tradisjonsrike kafear og restaurantar. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i solide porsjonar fram til kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og sundag) og er dessutan frokostrestaurant for Hotell Bondeheimen. Kaffistova er eigd av Bøndenes Hus.

Heimen Husflid

Heimen Husflid er ei handverks- og handelsbedrift grunnlagt i 1912. Heimen har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum. Du får spesialsydd bunad av høgaste kvalitet ved kjøp av bunad hos Heimen. Heimen Husflid er eigd av Bøndenes Hus.

Den Norske Husfliden

Den Norske Husfliden blei grunnlagt i 1892 og kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007. Butikken på Glassmagasinet har ein del av de same varene som Heimen, men butikken er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.

Bondeungdomslaget (BUL)

BUL er ein frivillig organisasjon og landets største ungdomsorganisasjon, grunnlagt i 1899. BUL er største aksjonær i Det Norske Teatret. Bøndenes Hus AS er eigd 100% av BUL


Bøndenes Hus

Bøndenes Hus AS eig eigedommen i Rosenkrantz’ gate 8, kor Hotell Bondeheimen ligg.

Velkomen til Hotell Bondeheimen, eit hotell i Oslo med historisk sus!

Kulturhotellet Bondeheimen


Hotell Bondeheimen
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 41 00
E-post: bookingoffice(a)bondeheimen.com

Best Western.com
Best Western.no

Each Best Western is
independently owned
and operated.

Rewards