+47 23214100

FORRETNINGSREISE PÅ BONDEHEIMEN

SENTRALE PLASSERING
Bu på Hotell Bondeheimen når du er på forretningsreise i Oslo. Dette er perfekt for deg som ønskjer gangavstand til avtala di i Oslo sentrum og nærleik til det meste. Hotell Bondeheimen ligg sentralt til i Oslo med umiddelbar nærleik til offentleg kommunikasjon som trikk, t-bane, buss og flybuss.
HOTELLROM FOR DEG PÅ FORRETNINGSREISE
Hotell Bondeheimen er eit populært hotell med gjester som gjerne kjem tilbake. Hotellet er ein favoritt blant forretningsreisande. Hotell Bondeheimen kan tilby 127 velutstyrte hotellrom med nye møbel og flott design. For gjester som ønskjer ro også på dagtid, er det muleg å bestille hotellrom mot roleg gardsrom.
MØTEROM OG KONFERANSELOKALE
Du som er på forretningsreise kan bestille hotellrom både til overnatting og møteaktivitet. Fleire av romma har store vindauge og flott utsikt, og er godt eigna for mindre møte. Forretningsreisande bur både godt og praktisk på Hotell Bondeheimen. Hotellet har også 8 konferanserom med ein kapasitet på opptil 150 personar.
Hotell Bondeheimen har gunstige samarbeidsavtaler for overnatting i samband med forretningsreiser. Ta gjerne kontakt med oss om du ønskjer meir informasjon, på e-post: bookingoffice@bondeheimen.com

Lukk