Hotell Bondeheimen

Hotell Oslo
Online reservasjon

Attraksjonar i Oslo sentrum i nærleiken av Hotell Bondeheimen:

Som gjest på Hotell Bondeheimen bur du midt i Oslo sentrum og har gangavstand til det meste. Her finn du nokre tips om kva vi på Hotell Bondeheimen meiner du bør få med deg under opphaldet ditt i Oslo.

Nasjonalgalleriets samlingar finn du i Universitetsgata 13, eller om lag 1 minutt frå Hotell Bondeheimen. Samlingane tel i dag 4.500 måleri, 1.500 skulpturar, 950 avstøypingar og ca. 42.500 grafiske blad og teikningar. Her kan du sjå alt frå nasjonalromantiske verk av Tidemann og Gude til ekspresjonisme i verdsklasse av Edvard Munch. Museet tar ikkje inngangspengar, men merk at museet alltid er stengd på tysdagar, medan dei andre musea i byen som regel er stengt på måndagar.
Meir informasjon kan du få på museet si heimeside: http://www.nasjonalmuseet.no/index.php/content/view/full/307

Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst ligg i Kvadraturen nedanfor Akershus Festning og blei opna i oktober 1993. Museet viser gjennom vekslande utstillingar internasjonal og norsk biletkunst frå etterkrigstida og fram til i dag. Kunstverka kjem frå museet sine imponerande samlingar, i tillegg til innlån i samband med spesialutstillingar. Museet tar ikkje inngangspengar og representerer eit overraskande og utfordrande innslag i Oslo sentrum.
For meir informasjon sjå: http://www.afmuseet.no/

Vigelandsparken (Frognerparken) er Oslos største kulturattraksjon. Parken dekker 320 mål og er finansiert av Oslo Kommune. Alle dei 212 skulpturane er modellert av Gustav Vigeland og området er opparbeida etter hans teikningar. Skulpturane er samla i 5 større einingar langs ein 850 meter lang akse: Hovudportalen, Brua med barneplassen, Fontena, Monolittplatået og Livshjulet. Heile menneskelivet er tema i denne parken der du kan sjå skulpturar av mennesket slik det er forma heilt frå mors liv til alderdom og død. Parken er offentleg og open heile tida.
For meir informasjon om parken og Vigelandsmuseet sjå: http://www.museumsnett.no/vigelandmuseet/

Slottet er om sommaren ope for omvisningar. Her har du høve til å sjå eit av Noregs fremste kulturbygg med kunst og interiør frå inn- og utland. Ei vandring i norsk historie med mange interessante detaljar.
For meir informasjon sjå: http://www.kongehuset.no/
 

Bygdøy - halvøya med alle musea:

Dersom du ruslar ned til Rådhusbrygga framfor Oslo Rådhus, kan du i sommarhalvåret ta båten over til Bygdøy. Om hausten og vinteren må du ta buss nummer 30 til Bygdøy som går frå busstoppen utanfor Nasjonalteatret i Stortingsgata.

Vikingskiphuset: Når du kjem ut til Bygdøy bør du få med deg Universitetet i Oslo si vakre utstilling av gamle vikingskip. Skipa blei grave fram på slutten av 1800-talet frå gravhaugar i Oslofjordområdet. Då historia om vikingane er minst like fascinerande som skipa sjølv rår vi deg til å følgje ei av dei faste omvisningane i museet.
For meir informasjon sjå: http://www.ukm.uio.no/info/vskip_huset/

Norsk Folkemuseum er blant dei mest vitja musea i Oslo. Museet omfattar 155 antikvariske bygningar frå middelalderen til vår tid. Gol Stavkirke frå rundt 1200 og Raulandstua frå 1300-tallet er blant hovudattraksjonane. Området har gardsbusetnad frå store delar av landet og byhus frå fleire norske byar.
For meir informasjon sjå: http://www.norskfolke.museum.no/

Frammuseet er kanskje det mest spanande og eksotiske museet i Oslo. Frammuseet er eit polarmuseum der ein får høve til å studere verdas mest kjende polarskute, FRAM frå 1892. Skuta er utstilt i original med intakt interiør og gjenstandar brukt under dei ulike reisene.
For meir informasjon sjå: http://www.fram.museum.no/

Kon-Tiki Museet ligg rett ved Frammuseet. Museet er ein privat institusjon som huser eit breidt spekter av vitskapsmannen Tor Heyerdahls båtar og samling av kulturartefakter. Her kan du sjå den originale Kon-Tiki flåta (1947) og papyrusbårten Ra II (1970), samt arkeologiske funn frå Påskeøya, Øst Polynesia, Galapagos og Peru.
For meir informasjon sjå: http://www.museumsnett.no/kon-tiki/index.html
 

Teater og revy:

Det Norske Teatret ligg så å seie vegg i vegg med Hotell Bondeheimen i Kristian IV's gate. Då hotellet blei bygd i 1913 blei det óg bygd ein vakker teatersal med inngang frå Rosenkrantzgata. Den gamle salen huser framleis Spellaget til BUL i Oslo, som på mange måtar har felles opphav med det vi i dag kjenner som Det Norske Teatret litt lenger borte i gata. Det Norske Teatret har 12-15 eigenproduksjonar årleg, ymse laurdagsmatinéar og gjestespel frå inn- og utland. Repertoaret spenner frå sprelske musikalar og barneforestillingar til verdsdramatikk og ikkje minst norsk samtdisdramatikk.
Ønskjer du meir informasjon kan du vitje teatret si heimeside: http://www.detnorske.no/index.asp

Nationaltheatret ligg óg eit steinkast frå Hotell Bondeheimen og er sjølvsagt hovudscenen for framsyning av Henrik Ibsens skodespel. Teatret er i seg sjølv ein attraksjon då salongen er eit vakkert eksempel på eit klassisk 1800-tals teater.
For meir informasjon sjå teatrets heimeside: http://www.nationaltheatret.no/

Den Norske Opera ligg på Youngstorget, berre eit par minutter frå Hotell Bondeheimen. Den Norske Opera er landets største musikk- og scenekunstinstitusjon og blei starta i 1959. Nytt operahus blir no sett opp i Bjørvika og skal vere klårt i 2008. For program og meir informasjon sjå operaens heimeside: http://www.operaen.no

Oslo eller Tigerstaden er sjølvsagt også revyhovudstaden. Ønskjer du ein festleg kveld på byen med mykje latter og moro rår vi deg til åsjekke programmet på desse revyteatra, som alle ligg 5 minutt frå Hotell Bondeheimen:
 
Edderkoppen:  http://www.edderkoppen.no/start.htm
Chat Noir:  http://www.chatnoir.no/
Dizzie:  http://www.edderkoppen.no/start.htm