English
Norsk

Online Booking

kaffistova
Konferanse

 

Best Western Hotell Bondeheimen - ditt hotell i Oslo sentrum

Hotell Bondeheimen er eit av dei mest besøkte hotella i Oslo  med gjester som gjerne kjem tilbake. Hos oss bur du på eit hotell midt i Oslo, i hotellrom med god standard og til fornuftige prisar. Hotellet skil seg ut med sin norske eigenart og si stolte historie.

Sentralt hotell i Oslo

Hotellet i Oslo ligg i det mest sentrale sentrumsområdet med butikkar, restaurantar, teater, Karl Johans gate og Slottet  rett rundt hjørnet. Du finn også mange andre attraksjonar i gangavstand, som Aker Brygge, Stortinget, Oslo City og Oslo Spektrum. Du kjem deg enkelt til og frå Oslo Airport Gardermoen med flybussen som stoppar rett utanfor hotellet eller med flytoget frå Nationaltheatret stasjon, som ligg ca 5 min unna. Alle typar kollektivtrafikk Oslo tilbyr finnast innanfor gangavstand frå hotellet.

Eit hotell i Oslo med god standard

Hotell Bondeheimen har 127 velutstyrte hotellrom. Dei fleste er nyoppussa med nye møbel og flott design. I tillegg til standard hotellrom, tilbyr vi familierom og deluxe rom for deg som ønskjer det vesle ekstra når du besøkjer Oslo. Hotellet er også ein favoritt blant forretningsreisande. Du kan lese meir om alle våre hotellrom her.

Konferanse i Oslo på Hotell Bondeheimen

Skal du halde ein konferanse i Oslo, har Hotell Bondeheimen møtelokale i forskjellige storleikar med ein kapasitet på opptil 150 personar. Våre konferansefasilitetar kan du lese meir om her.

<img style="float: left;" alt="Betingelser" src="/images/stories/moduler/Betingelser.jpg" height="151" width="234" />
 

Hotell Bondeheimen
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 41 00
E-post: bookingoffice(a)bondeheimen.com

Best Western.com
Best Western.no

Each Best Western is
independently owned
and operated.

Rewards